Umotivert elev sitter og ser i en bok
Mari Hafsås
Mentor
Innholdsfortegnelse For Foreldre 16. juni 2021 Lesetid: Kvifor velje privatundervisning?

Kvifor velje privatundervisning?

Slit du eller barnet ditt på skulen? Det kan vere krevjandes få tid til å sette seg ned å gjere det ekstra arbeidet midt i ukas tjas og mas. Om det gjeld lesing og skriving, om det gjeld matematikk eller språkfag, kan privatundervisning vere løysninga. Å navigere i jungelen av hjelpetilbod som er der ute på eigenhand er ikkje det lettaste. Her har eg difor ordna fire gode grunner til å velje privatundervisning.


Barn sitter på gren

1: Arbeidssituasjon

Kanskje klarer ein ikkje å sitte stille så lenge av gongen, kanskje er det for mange i klasserommet til at ein tør å rekkje opp handa. Kanskje er det berre for mykje lyd i klasserommet og ein rett og slett ikkje klarar å konsentrere seg. Når du har privatundervisning jobbar du ein til ein med ein mentor som er der berre for å hjelpe deg. Saman finn dykk ut korleis du arbeider best, om det er å få liggje under bordet og lese, eller om det er å sitte ute i sola. Om du vil høyre på musikk i bakgrunnen, eller om du vil ha det heilt stille. Du har nokon som gjer deg all si oppmerksemd, slik at der er lettare å be om hjelp.

Mor hjelper datter med skole

2: Lettare å bli motivert når ein har ei hjelpande hand

Berre det å ha ein hjelpar ved sida av seg kan utgjere heile forskjellen. Å ha ein har ein som er der for å heie på deg og arbeide med berre deg, kan vere enormt hjelpsamt. Når ein møter ein mentor, gjerne etter skuletid, har tankane frå skuledagen fått tid til å modne. Dykk kan snakke om det og mentoren kan hjelpe deg å svare på eller finne svar på spørsmål. Dykk kan planlegge å ha ein artig aktivitet i kvar time dersom du ønskjer, slik at du gleder deg til kvar time.

Mor roper til datter

3: Få avlasta mellom forelder og barn

Det kan opplevast som eit stort press for ein forelder når barnet slit i fag. Anten om det er fordi ein sjølv ikkje har fagkunnskapen til å hjelpe, eller om det berre er tæring på humøret når både forelder og barn er slitne og enda ikkje er ferdige med oppgåva dykk starta med for ein time sidan. Det kan vere greitt å overlate maset om skole og lesing til nokon andre av og til. Mentor vil snakke både med eleven og foreldrene, og derfor kunne ta omsyn til begge partar sine ønskjer. I tillegg har begge fagrettleiar som ein felles ekspert mellom både mentor og familien. Vips har ein meir tid til å gjere noko kjekt saman med barnet sitt.

Student lener seg over bok

4: Ein fordeler arbeidsmengda

Halve arbeidet er å leggje ein plan for kva som må gjeras og til kva tid ein skal gjera det. Mentoren vil ta seg av denne planlegginga ut i frå korleis du vil ha det, med forslag til løysningar. Det vil alltid vere moglegheit til å endre planane undervegs. Ein mentor vil sette eit overordna mål for undervisninga og hjelpe deg å planlegge delmål som dykk skal jobbe mot undervegs. Mentor veit at det kan vere krevjandes å ha ekstra jobbing i tillegg til skule og lekser, difor kan dykk planlegge kvar time saman. På den måten kan dykk ta omsyn til eventuelle dårlege dagar og bompar i vegen, så du kan nå måla dine og ha det kjekt samtidig.

Leksehjelp fra MentorNorge er mer enn bare privatundervisning. Du kan lese mer om motiverende privatundervisning her. 

Lukke til med valet!

For Foreldre

Se alle

Mattehjelp hjemme?
Våre mentorer gir skreddersydd mattehjelp til alle skoleelever, uanset..
Premiering av gode resultater?
Vil det være en god idé å friste med premier mot at eleven jobber bra,..
"Alle" bruker privat leksehjelp!
I kronikken "Ingen lekser eller bedre lekser?" i Adresseavisen 27.08.2..
Slik får du mest mogleg ut av kartleggingstimen
Timen er der for å sjå korleis mentoren og eleven kjem overens, for å ..
Skummelt med mentor? Ingen grunn til bekymring!
Skoleåret er nå i gang for fullt. For mange barn og unge kan dette bet..
5 tips til hvordan du hjelpe barnet ditt med fremmedspråk
Å lykkes på skolen krever at man også jobber med skolearbeidet hjemme...
Hjelp! Barnet mitt trenger hjelp med leksene
Et velkjent scenario: Du sitter sammen med barnet ditt sent på kvelden..
4 grunner til at du bør anbefale barnet ditt å reise på utveksling
Utveksling i andre land er en gylden mulighet for ungdom, og en tid ma..
Hvordan hjelpe barnet ditt med matematikk
Matematikk omringer oss hver dag, og den grunnleggende forståelsen er ..
5 tips til spill du kan gjøre sammen med barnet ditt som bidrar til læring
Lekser og skolearbeid består ofte av lesing, oppgaveskriving og puggin..
Hvordan hjelpe ungdommen med R-matten?
Mange elever trenger å ta matematikk R1 og R2 på videregående for å ko..