Mari Hafsås
Mentor
Indholdsfortegnelse For Foreldre 16. juni 2021 Læsetid: Slik får du mest mogleg ut av kartleggingstimen

Slik får du mest mogleg ut av kartleggingstimen

Timen er der for å sjå korleis mentoren og eleven kjem overens, for å kartlegge nivå, læringsstrategi og for å planleggje løpet framover.

Når du bestemmer deg for å få privatundervisning hos MentorNorge, får du tilbod om ein gratis kartleggingstime. Dette er ein prøvetime der mentoren skal bli kjend med deg (eller ditt barn) som elev. Timen er der for å merke korleis mentoren og eleven kjem overens, for å kartlegge nivå, læringsstrategi og for å planleggje løpet framover. Da både fagrettleiar og mentor veit kva dei driv med, er du i utgangspunktet i gode hender. Likevel er det nokre punkt som er gode å tenkje over, slik at du får mest mogleg utbytte av kartleggingstimen din.

Gje informasjon til fagrettleiaren

Når MentorNorge tek kontakt med deg, vil dei vete kva behovet ditt er og kva som er målet ditt med undervisninga. Om du på førehand har laga deg eit klart bilete av dette, er det lettare både for deg å formidle tydeleg kva du vil ha, og for fagrettleiar å finne ein passande mentor.

Nokre spørsmål du kan tenkje over er:

Prøv en gratis kartleggingstime med privatundervisning. 

 

shutterstock_107801354

Førebu deg

Du (eller ditt barn) kan godt på førehand ha tenkt på ulike måtar å jobbe på som er kjekke. Kva type arbeid er det du kosar seg med? Kan det vere å lese ei skjønnlitterær bok som ikkje er på pensum? Er det å følgje med i nyheitene? Delta i diskusjonar? Gruppearbeid? Presentasjonar? Å løyse likningar kanskje? Springe stafett? Alt av denne typen informasjon kan mentoren bruke til å førebu god undervisning.

Om målet er å bedre lesing, kan det vere lurt å vete noko om kva slags bøker ein har mål om å lese. Er målet Harry Potter-serien, eller ei kort forteljing av Roald Dahl? Kva har du lest frå før? Er det vanskeleg å sjå orda, eller er det å fange innhaldet i setningane det vanskelege? 

Vær ærleg med mentoren

Om du (eller ditt barn) har lærevanskar, og/eller åtferdsvanskar, er det fint å informere om dette. Kom gjerne med eit konkret eksempel på kva som er utfordringa. Det kan vere fint for mentoren, da ho kan førebu seg betre. Har ein hjelp frå skulen si side allereie? Kva nivå meiner ein sjølv ein ligg på? Kva hjelpemiddel brukast? Finnast det spesielle leseskjema eller tiltak læraren bruker? Desse kan vere til hjelp for mentoren og kan gjere så ho får eit stødigare grunnlag for å tilpasse undervisinga til den særskilde eleven. 

Ikkje ver redd for å spørje!

Om du har spørsmål som er knytt til prosessen vidare, anten det er om mentoren sine tidligare erfaringar eller om det er noko spesifikt du har bestemt deg for at du vil ha ut av undervisninga – SPØR. Som mentorar vil vi at du skal få den beste undervisniga, og jo meir dykk spør, jo lettare er det for deg og oss å komme fram til den beste felles løysinga. Skal du på ferie? Er det noko du kan gjere i ferien for ikkje å miste ei uke undervisning? Har du forslag til eit prosjekt eller ei oppgåve du vil gjere? Lurar du på kva mentoren likar best på brøskiva? Korleis mentoren sjølv likte faget da han eller ho gjekk på skulen? Alle spørsmål er med på å lage ei betre forståing mellom deg og mentoren, noko som vil gjere samarbeidet lettare.

Med desse råda håpar eg at kartleggingstimen gir deg som elev/forelder mest mogleg oversikt og hjelp. Hugs at vi vil hjelpe deg så godt som vi kan!

Lukke til!

For Foreldre

Se alle

Mattehjelp hjemme?
Våre mentorer gir skreddersydd mattehjelp til alle skoleelever, uanset..
Premiering av gode resultater?
Vil det være en god idé å friste med premier mot at eleven jobber bra,..
"Alle" bruker privat leksehjelp!
I kronikken "Ingen lekser eller bedre lekser?" i Adresseavisen 27.08.2..
Skummelt med mentor? Ingen grunn til bekymring!
Skoleåret er nå i gang for fullt. For mange barn og unge kan dette bet..
Kvifor velje privatundervisning?
Å navigere i jungelen av hjelpetilbod som er der ute på eigenhand er i..
5 tips til hvordan du hjelpe barnet ditt med fremmedspråk
Å lykkes på skolen krever at man også jobber med skolearbeidet hjemme...
Hjelp! Barnet mitt trenger hjelp med leksene
Et velkjent scenario: Du sitter sammen med barnet ditt sent på kvelden..
4 grunner til at du bør anbefale barnet ditt å reise på utveksling
Utveksling i andre land er en gylden mulighet for ungdom, og en tid ma..
Hvordan hjelpe barnet ditt med matematikk
Matematikk omringer oss hver dag, og den grunnleggende forståelsen er ..
5 tips til spill du kan gjøre sammen med barnet ditt som bidrar til læring
Lekser og skolearbeid består ofte av lesing, oppgaveskriving og puggin..
Hvordan hjelpe ungdommen med R-matten?
Mange elever trenger å ta matematikk R1 og R2 på videregående for å ko..