Jente sitter på gresset og ser i kalenderen sin, hvor det står "Exam"
Mari Hafsås
Mentor
Indholdsfortegnelse Eksamen 16. juni 2021 Læsetid: 5 gode tips for å takle eksamensstresset

5 gode tips for å takle eksamensstresset

Om du er ein som har notatane klare, eller om du er ein som akkurat oppdaga kor mykje arbeid det var å repetere, så kan desse tipsa hjelpe deg gjennom eksamensperioden.

For elever og studentar betyr mai ofte berre ein ting, eksamensperiode. Om du er ein som har notata klar, eller om du er ein som akkurat oppdaga kor mykje arbeid det var å repetere, så kan desse tipsa hjelpe deg gjennom eksamensperioden.

Planlegg

Legg ein plan for heile eksamensperioden, for kvar dag. Lag lister. Du kjem til å trenge lister over kva du skal lese, men ver realistisk. Du rekker ikkje å lese ei 500 siders bok i tillegg til å gjere notat og ha fri på ein dag.

Ein god idé er å skrive samandrag av samandraga i læreboka. Kanskje ha eit mål om å skrive eitt eller to kvar dag. Du kan og lage ei liste over omgrep som er viktige/ vanskelege. Først skriv du dei, så kan du få nokon andre til å høyre deg utan at du får kikke.

Jobb fokusert. Du kan bruke klokke og ta tida. Ha 30 minutt med konsentrert jobb, så tar du fem minutt der du (må) reise deg opp, gå og hente vatn, te, kaffi, eit eple eller berre gå på do. Men du får ikkje meir enn fem minutt før du tar nye 30 minutt med arbeid. Kjør 4 arbeidsperiodar før du har ei lang pause. Til akkurat dette opplegget kan det vere ok å laste ned for eksempel appen Focus Keeper, som du får lasta ned gratis.

Få nok søvn

Kanskje er du lei av å høyre dette tipset, men det er ikkje tvil om at det er sant. Uansett om du er ein person som jobbar best før klokka 12, eller om du er ein person som jobbar best seint om kvelden, må du passe på at du får minst sju timar søvn. Kanskje eigentleg åtte. Er du elev og begynner på skulen klokka kvart over åtte, er det berre å innsjå at det ikkje nytter i lengda å sitte til klokka to med skulearbeid. Ver heller effektiv på dagtid og kom deg i seng. Gjerne til same tid kvar dag. Hjernen og kroppen din kjem til å digge deg.

Vær i aktivitet

Enda eit gjengangertips som funkar. Om du får det unnagjort om morgonen fordi viljesturken er for svak på kveldstid, eller om du legg inn ei treningsøkt som premie om kvelden, er det viktigaste at du beveger deg. I alle fall ein halv time kvar dag. Og slapp heilt av – du treng ikkje å trene skikkelig hardt om det er noko du hatar. Poenget er at du skal få opp pulsen, og her er alle måtar lov! Gå av eit trikkestopp eller to for tidlig, dans ein halvtime til favorittmusikken, kjøp ein ta-med-kaffi og gå tur med ei venninne. Om du berre har lesing, ikkje skriving, ta med deg boka opp på Vettakollen og sitt der. Ikkje undervurder effekten av å gjere noko aktivt ute i frisk luft, du veit det hjelper.

Spis godt og ofte

Dette kan kanskje virke som eit kjedelig tips, men det er her moglegheitene utfolder seg. Planlegg måltida dine, så du har noko å glede deg til i kvar pause. Spis kvar tredje til fjerde time, da held du hovudet og magen fornøgd. Kanskje kan du ta deg ein kveld der du lagar god snacks som du kan ha som premie i lunsjen?

Er du tom for idear? Sjekk ut Pinterest. Der er eit hav av smarte og gode oppskrifter.

Ta pause

Dette er kanskje det vanskeligaste, men også det viktigaste. Uansett kor lyst du har, klarar ikkje kroppen og hovudet å jobbe 24 timar i døgnet. Heldigvis for deg har du no laga ein eksamensplan, som lar deg ta fri. Det er viktig å alliere seg med venner og familie – kom deg ut på tur! Berre ei lita runde gjer underverker for humøret, og det er og så mykje kjekkare om du får med deg ein venn. Nokre dagar er det einaste som fristar ein ettermiddag på sofaen, og om du har jobba så effektivt som planen din har sagt, er det (sannsynlegvis) også det du fortener å gjere. Sjå eit par episodar av yndlingsserien eller les i ei god bok. Slutt å tenke at du kunne ha gjort meir i dag. Fikk du ikkje nådd den dagen sitt eksamensmål? Da er det betre å ta det som ei ekstra utfordring for morgondagen si plan, enn å ”beat yourself up” over at du ikkje fekk til alt du skulle.

Har du fortsatt ikke helt kontroll på eksamen? En mentor kan skreddersy eksamensundervisningen tilpasset ditt behov. Les mer om eksamenshjelp her.  

Eksamen

Se alle

Knekk koden - Slik tolker du oppgaveteksten!
Du sitter på eksamen og er klar for innsats. Men hvordan angriper du e..
12 supertriks for å øve til prøver
Vi er midt i prøve- og eksamenssesongen og elever rundt i hele landet ..
Slik takler du prøvesituasjonen!
De fleste av oss har nok opplevd å føle seg stresset under en prøve. S..
Konteksteffekter - husk bedre på eksamen
Har du noen gang glemt hvor du har lagt nøklene dine? Når du prøver å ..
5 tips for å overleve eksamenstiden!
Er du stresset før eksamen?..
5 tips til skriftlig eksamen i matematikk
Mange har allerede blitt trukket opp til skriftlig eksamen i matematik..
5 tips til muntlig eksamen!
For at stress og nerver ikke skal ødelegge dine muligheter til å prest..
Hjelp! Barnet mitt skal ha muntlig eksamen
I 48 nervepirrende timer skal barnet ditt få vite hvilket fag han elle..
6 tips for å mestre fysisk skoleeksamen
Nå som vi går inn i en tid med mer fysisk tilstedeværelse, vil det på ..
5 tips til hvordan man mestrer eksamensperioden bedre
Eksamensperioden er for mange en periode forbundet med stress, angst o..
Hvordan lykkes med norsk muntlig eksamen
Eksamensperioden er for mange rett rundt hjørnet, og for noen har den ..