Tavle med skriften "Nynorsk" og en hånd som holder kritt
Tiril Evensen-Lie
Mentor
Innholdsfortegnelse Norsk 16. juni 2021 Lesetid: Få kontroll på svake verb i nynorsk

Få kontroll på svake verb I nynorsk

For mange kan nynorsk vere ei utfordring i skolen og kan ofte bli forbunde med eit hav av grammatiske reglar. I starten kan ein også tenkje at ein skal lære eit heilt nytt språk. Slik er det heldigvis ikkje!

Nynorsk er på mange måtar likt bokmål og med god hjelp frå språkkjensla di kjem du langt på veg til å bli ein god nynorskbrukar. Mange ord er helt like og setningsoppbygginga er også stort sett identisk med bokmål.

Likevel kjem ein ikkje utanom grammatikk når det kjem til sidemålet. I dette innlegget skal eg difor gje ei kort innføring av dei grunnleggande reglane for svake verb. Om du får kontroll på desse reglane vil du allereie vere på god veg til å skrive gode tekstar på nynorsk.

Første bod ved verbbøying – ver konsekvent!

Nynorsk er eit skriftspråk som inneheld mange valmoglegheiter, og dette er ikkje eit unnatak når det kjem til verba. Allereie ved å sjå på infinitiv (infinitiv er den ubøygde forma til verbet, til dømes å hoppe), ser ein at ein må ta eit val.

I nynorsk kan ein velje om ein vil bruke infinitivsendinga –a eller –e. Det er rett å skrive både å hoppa og å hoppe, men det er viktig å vere konsekvent. Det vil seie at du ikkje kan skrive å hoppe i ei setning for deretter å skrive å kasta i neste.

Tips: Trenger du litt ekstra hjelp for å få kontroll på nynorsken? Da kan du lese mer om motiverende privatundervisning her.

Fire grupper av svake verb

På norsk skil ein mellom svake og sterke verb. Eg skal ta for meg den første gruppa. Det er verb som har ending i preteritum (altså det ein gjorde i går, til dømes eg hoppa). Svake verb består av fire grupper: a-verb, e-verb, fortjelje-veb og nå-verb.

A-verb

Den første gruppa, a-verb, er verb som på bokmål får endinga –et eller-a i preteritum (til dømes: i går danset/dansa jeg). På nynorsk skal dessa verba alltid ha ending–a i preteritum og perfektum (det ein har gjort) , og i presens (det ein gjer no) har dei endinga –ar:

Å kaste – kaster – kasta – har kasta

Å sykle – syklar –sykla – har sykla

E-verb

Mange e-verb blir bøygde som i bokmål, så her kan du bruke språkkjensla di. Men hovudregel er at dei får endinga –er i presens og endinga –te eller –de i preteritum:

Å kjøpe- kjøper – kjøpte- har kjøpt

Å sende – sender – sende – har sendt

Å greie – greier – greidde – har greidd

For å vite om verbet endar på –te eller –de i preteritum må ein sjå på stammen. Stammen er den delen av verbet som ikkje forandrar seg når det blir bøygd. Det er altså den delen som står igjen når ein tar bort endinga. Stammen til verbet å kjøpe er kjøp. Reglane for endinga til e-verbet blir difor:

Fortelje-verb

Fortelje-verb er verb som har –je i infinitiv og inga ending i presens. Desse verba har ofte vokalskifte (det vil seie at dei byter vokal når dei blir bøygde, til dømes frå e til a: å telje -> talde). Hovudregel er at dei har vokalskifte i preteritum og perfektum:

Å fortelje – fortel – fortalde – har fortalt

Å spørje – spør – spurde – har spurt

Nå-verb

Den siste gruppa med svake verb er nå-verb. Desse verba har berre éi staving i infinitiv, og bøyinga er som på bokmål:

Å nå – når – nådde – har nådd

Å tru – trur – trudde – har trudd

Uregelrette svake verb

Det er dessverre ikkje alle verb som følgjer reglane eg har nemnd. Desse verba blir kalla uregelrette. Det er heldigvis ikkje så mange av dei, men dei er mykje brukt, og det er difor viktig at du puggar dei. Her kjem bøyinga til nokre uregelrette verb:

Å gjere – gjer – gjorde – har gjort

Å vite – veit – visste – har visst

Å seie – seier – sa – har sagt

Å vilje – vil – ville – har vilja

Å skulle – skal – skulle – har skulla

Det er viktig å øve!

For å bli god til å skrive nynorsk er det viktig å øve. På sidene til Språkrådet finn du mange nyttige øvingsoppgåver, og treng du ein å øve med har MentorNorge mange dyktige mentorer. Les meir om privatundervisning her. 

Til slutt! Det er viktig å hugse på at du gradvis skal meistre å skrive på sidemålet, slik at du ikkje kan ta tak i alle reglane på ein gong. Når desse reglane er på plass, kan du ta fatt på fleire. Hugs at du er på skolen for å lære!

Lykke til!

Norsk

Se alle

Krydre språket ditt med gode skildringer
Det er ikke lett å beskrive hvor nydelig kveldssolen er, hvor himmelsk..
Hvordan bli god til å skrive?
Skriver du prosessorientert? Begrepet kan virke litt fjernt og vitensk..
Funksjonell og kreativ ordinnlæring
Ofte lærer vi nye ord uten å tenke over det mens vi jobber med språket..
Slik blir du bedre til å lese
Det finnes ingen fasit på god studieteknikk. Her finner du noen studie..
Hvordan skrive et kåseri?
Du sitter i norsktimen og ser at læreren har skrevet opp på tavla at t..
5 tips til effektiv lesing
Lesing blir lettere med gode strategier!..
Vanlige skrivefeil – og hvordan å unngå dem
Har du noen skrivefeil som går igjen? Har du lyst til å forbedre norsk..
Tips til god sidemålsundervisning (nynorsk)
Blir elever flinkere til å skrive nynorsk kun ved å ha tradisjonell gr..
5 tips til bedre nynorsk
”Å nei, ikke nynorsk,” tenker du kanskje nå. Men, frykt ikke - her får..
Slik hjelper du barnet ditt med lese- og skrivevansker
Mange barn sliter med lese- og skrivevansker underveis i skoleløpet. I..
Ein guide for å førebu seg til nynorsk
Sjølv om det berre er 12,2% som har nynorsk som hovudmål i Noreg, er d..