Ein guide for å førebu seg til nynorsk

Sjølv om det berre er 12,2% som har nynorsk som hovudmål i Noreg, er det framleis eit jamstilt skriftspråk. Du har kanskje ikkje vore mykje borti nynorsk, og har i utgangspunktet berre skrive bokmål heile livet. Når du ikkje brukar nynorsk kan det opplevast som vanskeleg å meistre. Likevel er det ei god nyheit at det finst ulike måtar du kan førebu deg på! Om det er ei innlevering, ei tekstoppgåve eller at du berre har ei redsle for å kome opp i eksamen på nynorsk, så er det mykje du kan gjere for å førebu deg. Slik kan du bli mest mogleg utrusta med gode verktøy som du kan bruke. Eg skal no gi deg ein guide som kan hjelpe deg til å førebu deg på å skrive nynorsk, slik at du kan kjenne at du har meir kontroll på skriftspråket.

1. Les og skriv tekstar på nynorsk

Å bruke nynorsk i kvardagen og på skulen kan vere til stor hjelp for å bli betre rusta på skrivinga. Skriv tekstmeldingar, e-postar og notat på nynorsk. Dette skapar meir eksponering for skriftspråket, og vil vere nyttig som ei førebuing til å skrive seinare. Eit tips kan også vere å skrive notat på nynorsk i andre fag. Slik kan du få ei øving i å skrive nynorsk i andre samanhengar enn norskfaget. Finn deg derfor eit fag som du lika godt, og skriv på nynorsk.

Tips: Facebook finnast på bokmål, men også på nynorsk! Eit godt tips vil då vere å endre språkinnstillingane til nynorsk, slik at du får meir eksponering av nynorsk i kvardagen. Prøv også å finne andre plattformer som også kan omsetjast.

I tillegg er den beste måten å lære seg nynorsk på rett og slett å lese nynorske tekstar. Det finst mange tekstar som både kan vere interessante og spennande. Prøv å finne tekstane som engasjerer deg, og les dei høgt for deg sjølv eller for andre. Slik kan du få eit utvida ordforråd, og meir variasjon i språket. I tillegg finst det til dømes ei god mengde seriar på NRK som blir teksta på nynorsk. Finn deg ei serie du likar godt, og les tekstinga. Du kan også bruke Wikipedia på nynorsk, og i tillegg kan du finne nynorske bloggar eller lese nyheitsartiklar på nynorsk.

2. Skriv ei liste med ord du brukar ofte

Det er fort gjort å gløyme dei nynorske måtane å skrive orda du brukar oftast. Mange av orda på nynorsk, som har ein anna skrivemåte enn på bokmål, er det ofte enkelt å skrive feil. Lista kan bestå av til dømes desse orda: “være” blir til “vere”, “ikke” som blir til “ikkje”, “bare” som blir til “berre” og mykjer meir! Lag deg difor ei liste med slike ord, og bruk dei når du skriv.

Tips: Lag deg også ei liste med bindeord du kan bruke for å variere språket. Det finst mange ulike bindeord som kan gi språket meir variasjon og flyt, og som også kan hjelpe deg med å skrive betre nynorsk. Eit døme på slike bindeord er blant anna: “Elles”, “Dessutan” og “I røynda”.

3. Øv deg på oppgåver

Ei god førebuing til nynorsk er å gjere oppgåver. Du kan spørje læraren din om oppgåver som du kan øve deg med. I tillegg har Språkrådet si nettside mange gode øvingsoppgåver som du kan teste deg sjølv med. Då kan du velje å øve deg på ulike ordklassar, kor du blant anna kan øve deg på bøyingar av substantiv, verb, adjektiv og mykje meir! I tillegg kan du velje ulike vanskegradar, men også ta ein kartleggingstest for å sjå kva du treng å øve meir på. Du kan også på den same sida finne reglar og tips for korleis du kan skrive nynorsk.

4. Bruk ordboka

Ordboka er rett og slett bestevenen din når du skriv. I ordboka kan du finne korleis du bøyar alt frå substantiv, verb, adjektiv og meir. Det finst digitale ordbøker som du kan få mykje bruk for. Ordboka kan også vere til stor hjelp i førebuinga og under sjølve skrivinga av til dømes ein eksamen.

Tips: Ein synonymordbok kan også vere veldig nyttig. Å bruke synonym, i standen for same ord fleire gonger i ein tekst, gjer at språket blir meir variert og at teksten blir meir flytande.

5. Lag ei sjekkliste og sjekk bøyingar

Om du sit å skriv ei oppgåve på skulen eller har tentamen, så kan du på førehand lage ei sjekkliste. Denne skal hjelpe deg med å lese over teksten din, slik at du ikkje overser typiske feil og glippar. Sjekklista kan bestå av alle moglege punkter, men hovudsakleg vil ein som oftast sjekke om bøyingar er korrekte. I tillegg kan ein sjekke om nokre av orda som høyrast “bokmål” ut, kan bli bytta ut med eit betre ord på nynorsk.

Eit døme på ei sjekkliste:

  • Er alle bøyingar av verb riktige? (skilnad mellom a-verb og e-verb)
  • Er alle bøyingar av substantiv riktige? (skilnad mellom hokjønn, hankjønn og inkjekjønn)
  • Nokon ord som sluttar -else eller -het? (bytt ut med til dømes -leik og -ing)
  • Har du hugsa at du skal bruke «ein» i staden for «man»?

Det finst mange fleire sjekkpunkt ein kan lage seg. Finn dei som passar deg best!

Tips: Bruk søkefunksjonen i Word når du skriv, og lag ei liste med ord som du skal sjekke. Slik blir det enklare å gå systematisk gjennom teksten din, og finne feil som kan rettast på.


Sjølv om du kanskje ikkje følar at du meistrar nynorsk, så er det viktig å ikkje gi opp motet. Øving gjer meister! Eg håper at innlegget kan vere til hjelp til å skrive nynorsk, men vis ikkje kan du lesa meir om privatundervisning i norsk her. 

Lukke til!

Kjelder:

riksmalsforbundet.no

sprakradet.no

Daniel 1

Daniel Hatletvedt

Mentor, MentorNorge